mandag 22. januar 2018

Øyer Gjeterlags fésanking 1985

Øyer Gjeterlags fésanking 1985

Ei bildefortelling.

Tekst og foto: gjeter Gunnhild Skattebu.

 


Torsdag 5. september. Stilt klart vær ved solrenning, ÷6°C ved Skjælbua. Skydekket kom inn frå nord til kvelds.

Fredag 6. september. Klokka 06:00 ca. 10 cm nysnø. Vinden og snøfallet tiltok.

 Klokka 09:00 frå Steinhyttbekken mot Åstlia.

Nordavinden og nedbøren fortsatte å auke, det var uråd å orientere seg mot været. Til og frå Kvennslåa var bikkja til god hjelp, - såg rett ned i spora hans og gløtta opp iblant for å «kontrollere».

Frå Kvennslåbua mot Steinhytta.

På Kvennslåbua fekk Paul oss på bedre tankar, vi snudde. Med uværet i ryggen gikk det an å fotografere. Snøen tok til å bli djup nok.


Framover Åstlia fredag kveld var det 40-50 cm snø, skrøpelig sikt og blytongt fotturføre. Forsvaret da? Vi passerer Skjæla fredag kveld, - her hadde snømengda auka mykje frå om morgonen. Likevel var eg overraska over å finne bua full av folk, - det forundra meg meir enn at Neråst-ekspedisjonen skar seg. (Sjøl ein gjetar blir litt sprø i uvær!)


Laurdag 7. september baud på mange slags opplevelser – skal det vera, så skal det vera. Ca. klokka 12:30 landa Norsk Luftambulanse uttafør Skjælbua og tok med seg Thorstein, turen til LFS tok visst ca. 3 minutter.

Temperaturen hadde stigi, ca. +1°C, så snøen vart kram og som leire å vasse i. Vi venta på traktorhjelp av Håvard og Ola, - i 2-tida avgjorde vi at vi fekk ta med dei 10-14 dyra vi hadde og gå mot Uksbåsen. Snøen var aldeles utrulig umulig å ta seg fram gjennom. Det var «himmelrik» da vi fekk traktorspora til Håvard å gå etter frå synna Jogrimslia. Frå Jogrimslia fekk vi med 30-40 dyr til, og frå Titerbekken ca. 20 dyr.
Ved Tautern passerte vi traktor’n til Ola (godt dei var to). Ned av Hæratind mista (?) vi traktorspora og dro ned «Fallet».

Dyra er sultne og spesielt interessert i vier.

Ei stor fonn stenger, - det hjelp lite å lage spor av menneskeføtter fysst.

Ei fortropp strever seg gjennom, - det ser aldeles meiningslaust ut, - «toget» følgjer i spora.
  
Ei lang kø har danna seg bakover.

Nedbøren har gitt seg, og vinden har løya en del.

Sundag 8. september sorteres og kjøres dyra fra Lortbakken og forsvaret kontaktes. Med to bandvogner og halm dreg vi inn i Eldådalen og fôrer alle dyr vi finn før mørket fell på.

Måndag 9. september

 Harland måndag klokka 06.

Meir mannskap hentes ved Tautern, medan andre vogna leiter videre i Eldådalen. «Operasjonen» gir et godt resultat, dei siste fann dei ved Foringsbekken.


Driving av dyr i Lauvsalen mot Harland.

Etter eit «vått» uhell med bandvogna synna traktorvegen måndag kveld, vart dei levert att onsdag kveld.

Torsdag 12. september stilte forsvaret helikopter til disposisjon.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------
Takk til Gunnhild for at jeg fikk lov til å benytte både bildene og tekstene hennes. Det må understrekes at fésankinga endte godt både for folk og fé, men jammen var det strevsomt…



3 kommentarer:

  1. For en spennende og dramatisk historie🐄🐄🐄! Godt det gikk bra til slutt👏❣️

    SvarSlett
  2. Imponerende innsats!

    SvarSlett
  3. Neste år er d gått 40 år sidan sankinga vi hugsa litt for godt fann stad, og mange som var med inni Øyerfjellet desse dagane i -85 har gått ut av tida. Gjetarlaget sitt innkjøp av brukt blytung manuell mobiltelefon det året berga sannsynligvis situasjonen frå å bli verre enn den faktisk vart. Kontrasten til i dag med mobiltelefon som tidstjuv nr 1 og allemannseie er rar å kjenne på.

    SvarSlett